2 samlingar før påske. Avslutning Palmesøndag 21.03.27
Gratis tilbod til dei som går i 1.klasse:
HEILT FØRSTEKLASSES er ein del av trusopplæringa på Osterøy. Til våren blir føresteklassingane inviterte til samling to laurdagar. Tilbodet er ei oppfølging av 6-årsboka, som mange fekk på Ranselgudstenesta, rett etter at dei begynte på skulen. Dei som ikkje kunne delta på Ranselgudstenesta, kan få boka på HEILT FØRSTEKLASSES.
På desse samlingane får førsteklassingane presentert ei bibelforteljing. Etter forteljing er det tid for fargelegging, lego, bønnevandring og samtale. Me øver også på drama og lystenning til familiegudstenesta Palmesøndag. Dei som vil, får bli med opp i klokketårnet for å prøva kyrkjeklokkene.
Påmelding gjer det lettare for oss å nå ut med info. PÅMELDING KJEM HER!
21. mars: Familiegudsteneste i Gjerstad kyrkje på Palmesøndag kl.11 - 12.
Førsteklassingane får diplom for deltaking på HEILT FØRSTEKLASSES.
Me gler oss til å treffa barna!
Helsing leiarane:
Gerd Karin Njaastad og Helga Askeland Mjelstad